Arbeidstilsynet med kampanje for å førebygge muskel- og skjelettplager

Av: Andrea Helene Haugnes, seksjon for arbeidsmiljøfag, og Ragnhild Bergsmyr, seksjon for veiledning og kommunikasjon, Arbeidstilsynet.

Siste veka i oktober var den europeiske arbeidsmiljøveka. Arbeidstilsynet markerte ho ved å starte ei brei kampanje som skal bidra til å førebygge muskel- og skjelettplager på norske arbeidsplassar. Det er det mange gode grunner til:

  • Tilsyna våre viser at altfor få arbeidsgivarar jobbar systematisk med å førebygge muskel- og skjelettplager.
  • Kvart år tapar Noreg 10 millionar dagsverk som følge av muskel- og skjelettlidingar, ifølge tall frå NAV.
  • Muskel- og skjelettplager er det vanlegaste arbeidsrelaterte helseproblemet i Europa.

Tenk heile arbeidsmiljøet

Mange tenker at muskel- og skjelettplager berre har fysiske årsaker, som tunge løft eller at kontorstolen er feil innstilt. Men muskel- og skjelettplager og sjukefråvær kan – over tid – også skuldast heilt andre typar jobb-belastningar, som at tilsette ikkje kan påverke korleis dei løyser arbeidsoppgåvene. Eller at leiaren ikkje har avklart forventningar, ansvar og oppgåvefordeling på arbeidsplassen.

Arbeidsgivarar må med andre ord sjå på heile arbeidsmiljøet for å minske risikoen for at tilsette utviklar helseproblem. Dette er bodskapet for kampanjen.

Du kan treffe på kampanjen i mange ulike kanalar …

… og det kan arbeidstakarar, arbeidsgivarar og andre også! I november vil kampanjen dukke opp i fleire sosiale media. Innlegga lenker til ei kampanjeside med samtalekort (snakkepakke) som har som mål å få i gang praten om temaet på arbeidsplassen, ikkje minst mellom arbeidstakarar og arbeidsgivar.

For det er ingen tvil om kven som har ansvaret for at arbeidet ikkje skal føre til helseproblem – det ligg hos arbeidsgivaren.

Samtalekorta skal gjere det enklare å snakke om ting som kan føre til muskel- og skjelettplager, og kan brukast i små og større grupper. I kampanjeperioden kan du finne og laste ned snakkepakka på nettsida Snakk sammen. Her kan du også sjå kampanjefilmen.

Bodskapet har også gått som annonseartiklar i fleire store nettaviser, som nyheit på arbeidstilsynet.no og i nyheitsbrevet vårt, og på Facebook og LinkedIn. Her har vi sett søkelyset på den europeiske arbeidsmiljøveka og lenka til nettsida vår om arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager.

Og du: Dersom du kjem over ei kampanjeannonse, så lik og del! 

Storsatsing i Arbeidstilsynet

I Arbeidstilsynet prioriterer vi arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager i dei overordna måla våre og i mange av aktivitetane våre:

  • no: Vi har oppdatert nettsida om arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager.
  • Tilsyn: Vi har vore på 1265 tilsyn med tema arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager og har avdekt brot hos 7 av 10 verksemder.
  • EU-OSHA: Muskel- og skjelettplager var tema for den europeiske arbeidsmiljøveka (i veke 43) og for den førebyggande kampanjen i regi av EU-OSHA, som har vart sidan 2020. EU-OSHA er EUs informasjonsorgan for tema knytt til helse og sikkerheit på arbeidsplassen.
  • KIA (Arbeidstilsynets seksjon for kunnskapsformidling – inkluderande arbeidsliv) rettleier utvalde bransjar for å førebygge blant anna muskel- og skjelettplager.
  • RVO (regionale verneombod) rettleier for å førebygge slike plager i bransjane hotell-, restaurant og reinhald og bygg og anlegg.

 

De siste innlegg

  • All Post
  • Aktuelt
  • Arbeidshelse
  • Arbeidstilsynet
  • bedriftshelsetjeneste, BHT
  • Ergonomi
  • Etter- og videreutdanning
  • Faggruppens styre
  • Folkehelse
  • Folkehelsekoordinator
  • Frisklivssentral
  • Helsefremmende og forebyggende
  • Helsekompetanse 
  • HMS
  • Kontor
  • Muskel- og skjelettplager
  • NAV
  • Norsk Fysioterapeutforbund
  • Psykiske helseplager
  • Ukategorisert
  • Videreutdanning

Informasjon

Besøksadresse: Kirkegata 15 0153 Oslo

Tlf. 22 93 30 50

Post- og fakturaadresse: Boks 147 Sentrum 0102 Oslo

© 2024 Copyright © Norsk Fysioterapeutforbund | Alle rettigheter reservert